OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Viltforvaltning

Kommunen har forvaltningsoppgåver etter viltlova og forskrifter knytt til denne. Vi gjev råd og rettleiing i saker knytt til vilt og forvaltning av vilt.  Viltlova gjeld alle viltlevande landpattedyr, fuglar, amfibiar og krypdyr.

Døme på oppgåver i viltforvaltninga

  • Forvaltning etter gjeldande lover og forskrifter
  • Fallvilt (påkøyrd og skadd/sjukt vilt)
  • Tildeling av fellingsløyve (hjort) for vald utan godkjent driftsplan/bestandsplan
  • Kontroll/registrering av fellingsrapportar
  • Registrering og analyse av "sett hjort"
  • Godkjenning av vald
  • Godkjenning av driftsplanar/bestandsplanar
  • Forvaltning av kommunen sitt viltfond

 

Hjortevilt

I Hjorteviltregisteret legg kommunen inn informasjon om alle valda: Fellingsløyve/ fellingigsresultat, sett-hjort og slaktevekter. Du som jaktar skal registrere alle dine jaktdata på hjorteviltregisteret. Jeger logger seg inn med sitt jegernummer og fødselsdato.

I Hjorteviltregisteret finn de og oversikt og informasjon om fallvilt (trafikkpåkøyrsler).

For å drive hjortejakt må jaktlaget ha avtale om ettersøkshund. Du kan lese meir på Miljødirektoratet sine nettsider.  

 

Viltfond

Hjortevald betalar inn fellingsavgift for felt hjort  til viltfondet etter endt jakt. Kommunen handsamar søknader om tilskot frå det kommunale viltfondet. Forskrift om viltfond og kommunale retningslinjer avgjer kva tiltak som kan få støtte og kven som vert prioritert.

 

Jegerprøve

Som ny jeger må du ha jegerprøvekurs. Dette kurset er obligatorisk og på 30 timar. Etter kurs må du ha bestått eksamen før du kan utøve jakt og fangst. Kommunen organiserer eksamen. Etter bestått prøve vert du registrerte i Jegerregisteret.

Solund kommune organiserer ikkje jegerkurs, men det er mulegheiter for gjennomføring av kurs i nabokommunane. Søk på etter jeger- og fiskarlag i dei aktuelle kommunane. 

 

Vilt som gjer skade

Nokre gonger kan dyr vera plagsame eller gjera vesentleg skade på eigedom. Miljødirektoratet har laga ein rettleiar om vilt som gjer skade. I denne rettleiaren finn du råd om kva du kan gjera viss du opplever dette som eit problem. Regelverket som dekkjer desse utfordringane finn du i viltforskrifta. Det kan søkjast om løyve til å felle skadedyr.

Skjema for søknad om felling av vilt som gjer skade

 

Fallvilt

Alle dyr som døyr utanom ordinær jakt kallast fallvilt. Dei skal registrerast i Hjorteviltregisteret. Fallvilt som er aktuelle i Solund er hjortevilt, havørn, kongeørn, oter og raudrev. Det er ope for at alle kan registre fallvilt i Hjoretveiltregisteret.

 

Råd ved viltpåkøyrsle

  1. Sett på naudblink, ta på refleksvest og sikre staden med varseltrekant.
  2. Skaff oversikt over eventuelle personskadar og ring 113 dersom akutt hjelp er nødvendig.
  3. Ring og meld frå til politiet på 02800, alternativt 112 om det er ein akutt situasjon. Du kan også kontakte viltnemnda i den aktuelle kommunen direkte. Dei vil sende ut mannskap for å avlive dyret så raskt det lar seg gjere.
  4. Merk staden for påkøyrsla, for eksempel med ein plastpose eller eit særskilt viltband i eit tre eller liknande. Det gjer det lettare å spore eit skada dyr.
  5. Avliving: I nokre tilfelle kan kommunen gje løyve til å avlive dyret, men det er ikkje tillete – og kan potensielt vere veldig farleg – å avlive storvilt sjølv.  Rådfør deg difor med politiet og/eller viltnemda i den aktuelle situasjonen.

 

Aktuelle lenker

Til toppen