Skatteoppkrevjaren er overført til Skatteetaten

Skatteoppkrevjarfunksjonen i kommunane vart lagt ned frå 1. november 2020, oppgåvene vart overført til Skatteetaten.

Skatteetaten har såleis fått eit heilheitleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter.

Oppgåvene som er overført til Skatteetaten er mellom anna

  • innkrevjing av restskatt
  • skatt til gode
  • tilleggsforskot
  • forskotstrekk
  • arbeidsgivaravgift
  • motregning
  • utleggstrekk knytt til skattekrav
  • skatteattestar
  • konto-/saldoutskrift for skatt og arbeidsgivaravgift

Kommunen har framleis ansvar for innkrevjing av kommunale krav.

Har du spørsmål?

Har du spørsmål til desse oppgåvene ber vi deg om å kontakte Skatteetaten på telefon 800 80 000 
Du finn fleire opplysningar på Skatteetaten sine nettsider