Om næringsområdet
Søre Mortevika næringsområde ligg på austsida av Ytre Steinsund, skipsleia gjennom Solund, om lag 10 km vest for kommunesenteret Hardbakke.
I samband med bygging av ny bru over Ytre Steinsund nyttar Vestland fylkeskommune og Skanska næringsområdeteit som riggområde. Området er godt tilrettelagt med straum, vatn, avlaup og fiber.
Det som gjer området særleg attraktivt er djupvannskai med RORO-rampe, direkte i hovedkystleia gjennom Solund.
Kaianlegg med god tilkomst frå sjøen, i skipsleia og ved innseglinga til Sognefjorden gjer Søre Mortevika området særs godt eigna for næringsverksemd, spesielt for marine og maritime næringar.
Meir om området
Næringsområde Gnr. 15, bnr. 2 og 3 og Gnr. 15, bnr. 4 i Mortevika.
Regulert område utgjer ca. 26 dekar, av dette utgjer planert areal på land og fylling i sjøen ca. 12 dekar.
Arealet er opparbeidd som riggområde for bygging av Ytre Steinsund bru på FV 606. Grunneigar er Solund kommune.
Areal og anlegg
Planert areal består av fjellgrunn med gruslagt sprengsteinsfylling på land og i sjøen. Det er i reguleringsplanen opplyst at arealet ligg 2,3 - 3 moh, som er innafor forventa framtidig krav til byggehøgde inkludert klimapåslag.
Ny betongkai med kaifront på 20 m og djupne på 6 m, samt RORO rampe.
Nettstasjon har maks effekt på 500 kVA. Det er lagt fram fiberkabel i næringsområdet.
Arealet ligg med tilkomst frå sjøvegen og den nye fylkesvegen til Ytre Sula, som har planlagt ferdigstilt i 2026.