Informasjonsmøte om Søre Mortevika for lokalt næringsliv

Solund kommune ynskjer å invitere det lokale næringslivet til eit informasjonsmøte om næringsarealet Søre Mortevika fredag 17. april frå kl. 10.00 - 12.00.

Solund kommune har kjøpt det framtidige næringsarealet i Søre Mortevika, då det mellom anna har vore viktig å sikre allmenn tilkomst til den etablerte djupvannskaia. Vidare ynskjer vi å leggje til rette for vidare næringsaktivitet i området, når Skanska avsluttar arbeidet med bru hausten 2026.

Vi ynskjer å dele våre tankar med lokalt næringsliv og inviterer til eit informasjonsmøte om framtidige moglegheiter i Søre Mortevika. Etter møtet vil det vere høve til synfaring på området. 

Det blir kaffi og enkel servering.

Detaljar:
Dato: Fredag 17. april
Tid: kl. 10.00 – kl. 12.00
Sted: Søre Mortevika

Meld deg på via påmeldingslenka for å delta: https://forms.office.com/e/Z3kmjr7YAp 

Les meir om Søre Mortevika.