Næringsfond

Ta kontakt med Klar Bedrift AS for meir informasjon og før du søkjer om næringslån og næringsfondmidlar. Søknader bør forankrast i samfunnsdelen til Solund kommune. 

Føremål med ordninga 

Næringsfondet til Solund kommune er eit distrikts- og regionalpolitisk virkemiddel som har som mål å bidra til å styrke og utvide lokalt næringsliv og arbeidsmarknad, samt gjere Solund kommune til ein meir attraktiv kommune å bu og arbeide i. Fondet skal nyttast til tiltak som aukar Solund sin attraktiviteten for befolkning og næringsliv. Næringsfondet skal nyttast til tilskot som utløysande effekt for gjennomføringa. Tilskot skal gå til utviklingsprosjekt. 

Krav om utløysande effekt 

Midlane frå næringsfondet skal ha ei utløysande effekt og bidra til at prosjekt som elles ikkje ville ha blitt gjennomført vert realisert. Det er ikkje tilstrekkeleg at tilskotet skal oppretthalde eit tilbod. Det vil mellom anna seie at prosjekt som er starta opp ved innsending av søknad, ikkje kan tildelast tilskot.

Løyving

Det kan løyvast midlar til investering, bedriftstilskot, tiltakksapparat og arrangement. Du finn meir informasjon i vedtektene.

Prioriterte målgrupper og satsninger

Målgrupper: Kvinner, ungdom og innvandrarar er prioriterte målgrupper
Satsinger: Kunnskapsintensive og kreative verksemder med fokus på miljø

Søknad

Søknader om støtte frå næringsfond gjerast via www.regionalforvaltning.no. Søknadsfristen er løpande. 

Handsaming

Søknad vert handsama av formannskapet, så snart det er muleg med omsyn til sakhandsamingstid.

Det vert tildelt midlar i samsvar med Vedtekter for kommunalt næringsfond for Solund kommune, og føringar for desse. Søknaden vert også vurdert opp mot mål i samfunnsdelen, og korvidt prosjektet kan vere konkurransevridande. 

Aktuelle lenker