Sal, skjenking og servering av alkohol

Skal du selje, servere eller skjenke alkoholhaldig drikke mot betaling må du søkje løyve frå kommunen

Serveringsløyve

Alle som vil drive ein serveringsstad skal ha serveringsløyve frå kommunen. Ein serveringsstad er ein stad der det vert servert mat og/eller drikke og lokalet er lagt til rette for å ete på staden.

Det er ikkje utarbeida eige søknadsskjema for serveringsløyve, men send ein e-post til post@solund.kommune.no med søknad. Med søknaden må de legge stadfesting på bestått etablerarprøve, firmaattest, skatteattest og teikning av lokalet inne og ute.

Det vert innhenta vandelsvurdering og uttale frå politiet, jf. serveringslova § 9.

Salsløyve

Butikkar m.m som skal selje alkohol som skal konsumerast utanfor utsalsstedet, må søke om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol og det må søkast kvart 4. år, etter kvar kommunestyreperiode.

Det er ikkje utarbeida eige søknadsskjema for salsløyve, men send ein e-post til post@solund.kommune.no med søknad.

Det vert innhenta uttale frå Helse og omsorg og politiet jf. alkohollova § 1-7.

Skjenkeløyve

Skal du servere alkohol mot betaling treng du skjenkeløyve. Det finnast 3 typar skjenkeløyve, fast skjenkeløyve, ambulerande skjenkeløyve og skjenkeløyve ved einskildhøve.

Faste skjenkeløyve

Det er ikkje utarbeida eige søknadsskjema for for faste skjenkeløyve, men ta kontakt på post@solund.kommune.no om de ynskjer å søke. Faste skjenkeløyve må søkast om kvart 4. år, etter kvar kommunestyreperiode.

Det vert innhenta uttale frå Helse og omsorg og politiet jf. alkohollova § 1-7.

Ambulerande skjenkeløyve

Ambulerande skjenkeløyve kan nyttast til lukka selskap. Det er utarbeida eige søknadsskjema for ambulerande skjenkeløyve.  

Det vert innhenta uttale frå Helse og omsorg og politiet jf. alkohollova § 1-7.

Skjenkeløyve ved einskildhøve

Skjenkeløyve ved einskildhøve kan nyttast til enkeltarrangement som er ope for publikum. Det er utarbeida eige søknadsskjema for skjenkeløyve ved einskildhøve

Det vert innhenta uttale frå Helse og omsorg og politiet jf. alkohollova § 1-7.

Skjenkeløyve ved einskildhøve kostar kr 420,00

Her finn du skjema for ambulerande skjenkeløyve og skjenkeløyve ved einskildhøve

 

Lovverk

Serveringslova

Alkohollova

Amund Fuglebakk Aglen
Stabsleiar
Stab
Epost
Telefon 57 78 62 14
Mobil 40 49 29 08