Klimatilpassing

Korleis kan vi tilpasse oss klimaendringar og auka naturfare?

Forventa endringar i klima for Sogn og Fjordane 

Hydrologiske forhold og naturfarar som kan ha verknad for samfunnstryggleiken. Figurane under er henta frå Klimaprofil Sogn og Fjordane.

Sjå klimaprofil Sogn og Fjordane

Med eit endra klima følgjer ein auka risiko for ulike typar hendingar. Solund kommune kjem truleg i framtid til å bli råka av kraftig nedbør, regnflaum, skred og stomrflo. 

Sjå meir om klimarisiko for Solund.

 

Klimatilpassing

Norge har eit nasjonalt mål om at samfunnet skal forbetrast på og tilpassast klimaendringane. 

Aktuelle lenker: 

 

Er det trygt der eg bur og ferdast?

Solund kommune jobbar kontinuerleg for at samfunnet skal vere så trygt som mogleg. Alle arealplanar og byggesaker blir vurdert med omsyn til naturfare og blir berre tillate dersom det er akseptabel risiko. Der vi manglar kunnskap om naturfare og risiko, stiller vi krav om kartlegging og førebyggjande tiltak.

  • Varsom.no på internett og mobil-app gir deg varsel om auka fare for styrtregn, flaum, skred og ekstremvêr.
  • Naturskadeordninga  om du er råka av ei naturulukke. Statens naturskadeordning gir erstatning for skadar på objekt det ikkje er mogleg å forsikre gjennom vanleg privat forsikring.
  • NVE Atlas viser deg ulike naturfarar som er registert i eit område. Du kan til dømes søkje på adressa di, under ‘Info og søk’ i toppmenyen. Vel aktuelle tema under ‘Naturfare’ i venstremenyen. 

Aktuelle lenker:

 

Kartlegging av farar

Solund kommune har berre gjennomført ei detaljkartlegging for skred som dekkar delar av Hardbakke. Andre delar av kommunen er ikkje kartlagt i detalj, men alle vassdrag har ei aktsemdsone som seier noko om potensialet for flaum. 

Jord-, flaum- og sørpeskred, samt havnivåstigning og kvikkleire er ikkje kartlagt på detaljnivå for nokon stader av kommunen. Alle bratte fjellsider og hellingar har ei aktsemdsone som seier noko om potensialet for skred på eit overordna nivå, medan alle område under marin grense har potensiale for kvikkleire. I desse områda må ein ofte kartlegge meir for å seie noko om den verkelege faren.

Du finn ein del naturfarar på og du finn aktsemdsoner på overordna nivå på kommunekart.com.

Aktuelle lenker: 

Anne Kristine Dyrdal
Rådgjevar
Samfunns- og næringsutvikling
Epost
Telefon 57 78 62 08