Landbruksvegar

Skal du byggje ny traktorveg, skogsbilveg, velteplass eller byggje om ein eksisterande veg, må du søkje om løyve frå kommunen.

Landbruksvegar skal ha skogbruk eller jordbruk som hovudformål.
Om vegen i hovudsak blir nytta til anna formål, skal den behandlast som byggesak etter Plan- og bygningslova.

Kven kan søkje?

Grunneigarar som eig landbruksareal (jord og skogbruksareal) kan søkje pm å få byggje landbruksveg.

Slik søkjer du

Du finn søknadsskjema på landbruksdirektoratet sine nettsider

Kart der du har teikna inn veglina, velteplass og eventuelle uttak av massar må leggast ved søknaden.
Du sender søknaden med vedlegg til

Solund kommune
Hardbakke 26
6924 Hardbakke

E-post: post@solund.kommune.no

Tilskotsordningar

Du kan søkje om tilskot til skogsvegar. Ta kontakt med kommunen før du søkjer.

Du finn søknadsskjema og meir informasjon om tilskotet her

Du kan óg bruke skogfond med skattefordel til nybygging og ombygging av skogsbilvegar/traktorvegar i utmark.

Du finn meir informasjon om skogfond her.

Kva kostar det?

Det er ingen saksbehandlingsgebyr på slike søknader.

Behandlingstid

Behandlingstida er normalt 3 veker, når søknad og alle nødvendige vedlegg er levert kommunen.

Forskrift

Forskrift om byggjing av landbruksvegar

Kjartan Nyhammer
Leiar plan og tekniske tenester
Plan og tekniske tenester
Epost
Telefon 57 78 62 17
Mobil 95 91 74 71