Gardskart - AR5

AR5 er eit arealressurskart, som viser areal etter arealtype, skogbonitet, treslag og grunnforhold. Det vil seie markslag som fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. 

Opplysingane i gardskartet er grunnlag for utbetaling av ulike tilskot i landbruket.

Gardskartet finn du her - søk opp eigedom

Endringar i markslag – meld i frå seinast 1. juni

Har du areal du ynskjer å endre i gardskartet, til dømes ved nydyrking eller beiterydding, må du melde i frå til kommunen seinast 1. juni. Du melder i frå ved å sende kart, der arealet du vil ha synfart er teikna inn. Kart med innteikna endringar sender du oss som brev til

Solund kommune
Hardbakke 26
6924 Hardbakke

eller på e-post: post@solund.kommune.no 

Du kan få hjelp til å skrive ut kart hos kommunen.

Kvifor frist?

Kommunane har frist til å oppdatere gardskartet i slutten av august. For at vi skal rekke synfaring, oppmåling og oppdatering i kart, treng vi innspel innan 1. juni.
Innmarksbeite bør synfarast tidleg i vekstsesongen, for å vurdere krav til beitetolande urter og gras. Seinare på hausten kan plantane tape seg, og du kan risikere å ikkje få godkjendt innmarksbeitet ditt.

Kva om eg melder i frå om endring av areal etter fristen?

Dersom du melder i frå etter fristen, risikerer du at gardskartet ikkje vert oppdatert før neste år. Det er mogleg, i visse tilfelle, å gjere endringar etter fristen. Det er likevel ikkje ynskjeleg, fordi endringa vil krevje meir ressursar, sidan oppdateringa skjer manuelt.

Lurer du på noko?

Dersom du meiner at gardskartet ikkje er ajour på din eigedom kan du ta kontakt med landbruksansvarleg i kommunen.

Kjartan Nyhammer
Leiar plan og tekniske tenester
Plan og tekniske tenester
Epost
Telefon 57 78 62 17
Mobil 95 91 74 71