Kom og møt sommarredaksjonen 2025

Sommarredaksjonen 2025 består av ungdommar i alderen 13 - 17 år med sommarjobb i sektor for samfunns- og næringsutvikling

Kvar fredag fram til 18. juli vil Sommarredaksjonen 2025 i Solund kommune ha base på #Episenteret i Hardbakke Hamn. Der vil dei være mellom kl. 12.00 -15.00.

#Sommarredaksjonen 2025 vil arbeide med mediaproduksjon, intervju, livesending over ein vaffel, kakao, eller ein kopp kaffi og ein brus med lokalbefolkninga og besøkende turistar.

LIVEsendt fredagspoesi på SOME, musikk eller andre nyheitsinnslag er lov å dele med Sommarredaksjonen 2025 med base på Episenteret desse dagane. Så sant dei får lov å skrive om, dele og publisere det 

Ser fram til kjekke fredagar mellom kl. 12.00 – 15.00 med base på Episenteret med Sommarredaksjonen 2025 i Solund kommune.