Om oss

Prosjektet «Ung og framtida i Solund» (program for folkehelse) er retta mot ungdom og deiras behov og ønskjer kring arbeid og fritid. Heimkommunen Solund ønskjer å legge best mogleg til rette for livsmeistring og livskvalitet for unge. Dei unge skal få vissheit om at dei har noko meiningsfullt å kome heim til i Solund.

 

Ved tett samarbeid med målgruppa sjølv, skal vi finne ut kva ungdommane treng og ønskjer seg frå oppvekstsamfunnet – både no og i framtida. Vidare skal aktuelle tiltak settast i verk slik at ungdommane får det dei treng. Systemet skal femna om alle. Vi skal vurdere behovet både i arbeidsliv, fritid og for dei som fell utanfor arbeidslivet.

Prosjektet er eit forskningsprosjekt, og er planlagt utført i perioden 2022-2025. Vidare skal dei tiltaka som har mogleg eller dokumentert positiv effekt, overførast til vanleg drift, og samskapingsprosessen førast vidare.

Monica Thune
Ungdomskoordinator
Samfunn og næringsutvikling
Epost
Mobil 98 44 40 28