Målgruppe
Målgruppa er fastbuande ungdom mellom 13 og 19 år, men yngre/eldre kan nytte transporttilbodet dersom det er plass.
Type arrangement
Ungdomsrelaterte arrangement som er rusfrie
- dansearrangement i og utanfor kommunen
- ungdomsklubb
- kino/teater
- idrett/trening
Tildeling av midlar til transport som må handsamast av Solund Ungdomsråd
Kultur- og idrettsarrangement utanfor kommunan
Til dømes:
- Vossatur for ungdomsskulen
- Konkurransespeling for skulemusikken
- Annet
Søknaden må komme i forkant av arrangementet.
Billettprisar
- Kr 20,- pr vei til ulike arrangement i kommunen
- Kr 50,- pr vei til arrangement utanfor kommunen
Minimum antal deltakarar
- taxi
- båt 3 stk
- båt utanfor kommunen 5 stk
Type transport
Avtale og orientering til sjåførar.
Organisering
Ungdommar bestiller sjølve, og tek kontakt med taxi. De opplyser ved bestilling at de ynskjer å nytta dykk av LTU i Solund. De må oppgje kor mange de er og kva reisa skal nyttast til. Går det buss i same tidsrom kan ein ikkje nytte dette tilbodet. Taxi må bestillast dagen før innan kl. 21:00.
Solund taxi: +47 481 44 494
Om eit anna taxi selskap kjem til Solund vil reglane bli endra for at alle taxiselskapane i Solund skal kunne bli brukt.
Ein i ungdomsrådet vert vald kvart år som ansvarleg for bestilling/påmelding av båttransport. -Beskjed til sekretær som har oversikt over økonomien.
Kontaktperson:
Isak Gjerland Høyesen tlf: 90 47 89 01
Monica Thune tlf: 98 44 40 28
Retningslinene er vedtekne i Solund Ungdomsråd 26.11.2018.