Medlemsskap og betaling Solund treningssenter

Solund treningssenter har no vore i drift i snart 1 år, og vi er glade for å sjå at det har vore svært mykje brukt

Både medlemmane og Solund kommune har nok gjort seg nokre erfaringar når det gjeld medlemsskap, fornying og betaling.

Vi ynskjer difor å gjere nokre endringar frå 1. januar 2024.                  

Medlemsskapen gjeld til den vert sagt opp

Kanskje har det ikkje vore presisert godt nok at medlemsskapen gjeld til den vert oppsagt skriftleg og at oppseiingsfristen er 1 månad. Dette har ført til at enkelte medlemmer har komt for å fornye medlemsskapen ei tid etter at inneverande periode er utgått, og vi har fått fleire spørsmål om det er rett at ein då må betale for ein periode ein ikkje har brukt treningssenteret.

Vi ser heilt klart at dette er frustrerande, samstundes som vi må forhalde oss til reglane som er sett. Vi ser óg at det kan vere vanskeleg å halde oversikt i og med at medlemsskapen slik det er no ikkje gjeld frå den fyrste i ein månad.

Endring i medlemsskapsperiode og betaling

Ved fornying av medlemsskap frå august 2023 og utover vert fylgjande endringar innført som hovudregel

  • Alle aktive medlemsskap frå august vert fornya t.o.m. 31.12.2023 og betaling vert avrekna tilsvarande.
  • Det vert sendt ut faktura til alle aktive medlemmer i midten av november 2023 for betaling for fyrste halvår 2024. Det er då mogeleg å seie opp medlemsskapen innan fristen på 1 månad for dei som evt ynskjer det
  • Tilsvarande faktura for 2. halvår vert sendt ut i midten av mai 2024 og så vidare
  • Faktura må vere betalt før nøkkelkortet vert re-aktivert

Denne endringa gjeld berre langtidsmedlemsskap - 6 månader om gongen

Vi håper denne endringa kan gjere det meir oversiktleg for oss alle

Her kan de lese reglane for medlemsskap og bruk av treningssenteret (PDF, 78 kB)

Andre innspel og ynskje

  • Vi har fått spørsmål om det er mogeleg med berre «vintermedlemsskap». Dette er sjølvsagt mogeleg, men det vert då opp til den som ynskjer det å halde kontroll på innmelding og oppseiing i tråd med reglane
  • Vi har fått spørsmål om det er mogeleg å bruke dusjane i bygget i samband med trening. Dette vert eit økonomisk spørsmål då det i tilfelle vil krevje dagleg reinhald av dusjane. Det er ikkje teke stilling til dette pr no