OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Kulturskulen i Solund

Solund kulturskule er lokalisert på Hardbakke.
Kulturskulen har tett samarbeid med skulen i Solund deler  grunnskulen si målsetting:
«Opplæringa sitt mål er å utvida barn, unges og vaksne sine evner til erkjenning og oppleving, til innleving, utfolding og deltaking».

Kulturskulen sine mål

  • gje alle elevar sjanse til å utvikle kunnskapar og ferdigheiter i kunstfag
  • gje alle elevar  sjanse  til å gjere seg kjende med og nytte seg av  kunstneriske uttrykksformer
  • gje alle elevar sjanse til å finne og formidle sine eigne kunst- og kulturuttrykk
  • styrkje elevane sin  estetiske, sosiale og kulturelle kompetanse
  • styrkje evna til kritisk refleksjon og sjølvstendige val
  • gje sjanse til fordjuping  som kan danne grunnlag for vidaregående og høgare utdanning  innan kunst- og kulturfag

Kulturskulen sitt tilbod

Kulturskulen 2022 - 2023

Kulturskulen 2022 - 2023
Dag(ar) Tilbod
Måndag og tysdag Piano
Måndag Kreativt verkstad
Onsdag GoPro og film
Onsdag og torsdag Solo og ensemble for messingblåsarar
Torsdag Trommegruppe

Du finn fleire detaljar om alle tilboda på kulturskulen si nettside

Korleis søkje

Du sender skriftleg søknad til

Solund kulturskule
v/Gry Buer
Hardbakke 26
6924 Hardbakke

Søknadsfrist

NB! Både nye og gamle elevar må søkje innan 15. mai kvart år. 
 

Kva koster det

Satsar for kulturskulen sitt tilbod 2022/2023 er

Individuell undervisning

Gruppeundervisning

kr. 1.690 pr termin

kr. 845 pr termin

Søskenmoderasjon

Det vert gjeve 25% søskenmoderasjon dersom 2 søsken deltek på same kurs

Gry Buer
Kulturskulerektor
Oppvekst og kultur
Epost
Telefon 57 78 62 71
Mobil 480 74 490
Øystein Bolset Strand
Leiar oppvekst og kultur
Oppvekst og kultur
Epost
Telefon 57 78 62 35
Til toppen