Generell informasjon

Det skal være enkelt og kjekt å drive frivillig aktivitet i Solund. Kommunen skal legge til rette og være støttespelar for foreiningar og frivillige slik at desse kan utøve si frivilligheit til det beste for enkeltpersonar og lokalsamfunn.

Kommunen inviterer årleg til opne dialogmøter der foreiningsliv og frivillige møter kommunen for utveksling av erfaringar, og for debatt i høve kva prioriterte utfordringar eller behov som kan løysast. Fagleg påfyll/inspirasjon kan vere del av eit slikt møte. I tillegg gjennomførast møter og direktedialog etter behov. Openheit og løysingsvilje skal prege kontakten.

Lenke til referat frå årlege møte med lag og organisasjonar

Kommunen kan inngå skriftleg partnarskapsavtaler/samarbeidsavtaler med foreiningar og frivillige på område der dette er naturleg og ynskjeleg for alle partar. Avtalane skal sikre felles mål og avklare forventningar og oppgåvefordelingar. Samarbeidet må bygge på prinsippet om at frivillige ikkje skal erstatte offentlege tenester, men bidra til å auke tilboda og kvaliteten på desse.

Solund kommune har vedteke ein frivilligpolitikk; Solund kommune sin frivilligstrategi

Solund kommune sin kontaktperson for frivillige lag og organisasjonar er Irene Lambrechts Vaulen. Kontaktopplysningar finn du lenger nede på sida.  

Irene Lambrechts Vaulen
Leiar frivillegsentralen
Samfunns- og næringsutvikling
Epost
Mobil 41 24 30 87