Støtte- og treningskontakt

Støttekontakt er eit tilbod til barn, unge og vaksne for å motverke isolasjon, og skal utvide høvet til å delta på aktivitetar i fritida.

Treningskontakt er for deg som treng hjelp til å kome i gang med eller oppretthalde aktivitet og trening. Personar med ulike utfordringar kan få hjelp til tilpassa fysisk aktivitet.

Slik får du tilbodet

Du eller pårørande med fullmakt kan søkje om å få støtte- og /eller treningskontakt på søknadsskjema for helse- og omsorgstenester

Du finn søknadsskjema for støtte- og treningskontakt her

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist, søknadar vert handsama forløpande.

Saksgang og klage

Etter motteke søknad, vil du få ei tilbakemelding når kommunen har vurdert om du får innvilga tiltaket. Dersom du får avslag eller ikkje er nøgd med tilbodet du får, har du rett til å klage.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Meir om støttekontakt og treningskontakt

Støttekontakt: Tilbodet vert tilpassa den einskilde søkjaren sine interesser, ressursar og behov for fritidsaktivitet.

Treningskontakten kan hjelpe deg med å legge til rette for fysisk aktivitet og vere ei hjelp i å halde dette ved like.
Treningskontakten motivere til deltaking i vanlege treningsarenaer og bidra til oppleving av meistring gjennom fellesskap.

Kan du tenke deg å vere støttekontakt?

Ynskjer du å vere ei støtte for barn eller vaksne for å motverke isolasjon og auke deltaking på aktivitetar i fritida, eller å hjelpe andre med å komme i gang med eller oppretthalde fysisk aktivitet?

Då er du den vi leitar etter! Du treng inga spesiell fagleg bakgrunn, men må vere over 18 år og interessert i andre menneske.
Søk om å bli støttekontakt, så tek vi kontakt med deg når det kjem nokon som har behov for dette.
Du må legge frem gyldig politiattest før du startar i jobben.

Fyll ut og send inn skjemaet som du finn her (PDF, 32 kB)

Lover og reglar

Helse- og omsorgstenestelova
Pasient og brukarrettigheitslova
Forvaltningslova

Ole Kristian Sund
Treningsfysiolog
Helse og omsorg
Epost
Mobil 45 97 40 03