Frisklivssentralen

Frisklivssentralen er eit kommunalt tilbod som skal fremje fysisk og psykisk helse og vere med på å førebygge utvikling av sjukdom.

Dette gjer vi gjennom å gje deg støtte til å endre levevanar innan fysisk aktivitet, kosthald, søvn og bruk av tobakk.

Målgruppe

Tilbodet er til deg som står i fare for å utvikle, eller som allereie har utvikla livsstilsjukdommar.
Det kan til dømes vere

  • hjarte- og karsjukdommar 
  • diabetes 
  • kols 
  • nokre typar kreft.

Tilbodet er førebels avgrensa til personar frå 16 år og oppover.

Kva tilbod kan frisklivssentralen gje

Fyrste besøk er ein helsesamtale der ein kartlegg behov for vidare oppfølging. Det vert sett fokus på din eigen motivasjon til å endre levevanane dine.

Deretter gjer vi ei vurdering i lag om kva slags oppfølging som passar for deg. Dette kan vere individuelle samtalar, individuell- eller gruppetrening, og kurs. Målet er å gjere deg betre i stand til å kunne meistre livsstilsendringa på eigahand.

Etter kvart vil det komme kurs innan aktuelle tema som vil vere opne for alle innbyggjarar.

Pris

Alle tilbod ved frisklivssentralen er gratis.

Slik når du oss

Du kan ta direkte kontakt med sentralen, eller be om ei tilvising frå til dømes fastlege, fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog eller NAV.

Sentralen held til i andre etasje på Solund Helsetun.

Ole Kristian Sund
Treningsfysiolog
Helse og omsorg
Epost
Mobil 45 97 40 03