OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Innbyggjarforslag

Ynskjer du å vere med å påverke utviklinga og framtida i kommunen?

Solund kommune er interessert i alle innspel som kan hjelpe oss å levere betre tenester. Men visste du at kommunelova kapittel 12 har eit eige system som sikrar at forslag frå innbyggjarane vert handsama av kommunestyret i løpet av 6 månader?

Kva er eit innbyggjar-initiativ?

Kommunestyret i ein kommune pliktar å handsame eit forslag frå innbyggjarane når fylgjande vilkår er oppfylt:

  • Forslaget må støttast av minst 2 prosent av innbyggjarane. 
  • Dei som står bak forslaget eller skriv under på ei sak, må vere busett i kommunen. Det er ikkje nærare krav om aldersgrense så dette gjeld óg personar under 18 år
  • Forslaget må gjelde kommunen si verksemd, men kan ikkje gjelde noko som allerie er handsama av kommunestyret i valperioden

Dei som står bak forslaget har ikkje krav på eit bestemt utfall på saka, men skal informerast om vedtaket som vert fatta og om tiltak som vert gjennomført som følgje av forslaget.


Slik går du fram

Forslag med underskrifter som syner at minst 2 prosent av innbyggjarane står bak forslaget kan sendast som brev til:

Solund kommune
Hardbakke 26
6924 Hardbakke

Du kan sende e-post til post@solund.kommune.no

Du kan óg nytte ordninga mi sak på nett
Dette krev at du må opprette brukar


Lovverk og nettstader

Kommunelova

regjeringen.no

Amund Fuglebakk Aglen
Stabsleiar
Stab
Epost
Telefon 57 78 62 14
Mobil 404 92 908
Til toppen