Smånytt

Her vil du finne smånytt frå Solund kommune 

Oppgradering av tursti til Sognesjøhytta
 


Stibyggeren AS har starta opp arbeidet med oppgradering av turstien til Sognesjøhytta. 
Stibyggeren AS har vunne oppdraget basert på utbetring av punkt på stien, og det vil difor ikkje bli gjort arbeid på heile stien. 

Stibyggeren AS er eit selskap som bygger tursti med «handemakt» og stein. 
Dei har lang erfaring med å lage turstiar med stein og drenere vatn, også i Norge. Blant anna har dei bygt steintrappeneopp til Stoltzekleiven og Ulriken i Bergen.  

Å sjå på korleis dette arbeidet vert utført kan vere eit interessant skue. Det er sjølvsagt ope for å sjå på at dei arbeider, men det vert oppmoda om at ein held avstand, slik at dei får utført arbeidsoppgåvene sine på ein god måte. 

Arbeidet vert utført av sherpaer frå Nepal. 
Sherpaer er et fjellfolk, og dei fleste kjem frå sør for Himalaya i Nepal. Dei har ein 1000 år lang tradisjon og erfaring med slikt arbeid. 

I arbeidsperioden, som vil vere om lag 4-6 veker alt utifrå været, må ein pårekne at ein stadvis må gå utanfor stien der arbeidet pågår. 

I samanband med arbeidet vil det bli helikopterflyigng to dagar frå Hardbakke/omegn og utover langs stien for å frakte ut stein i anleggsområdet. 

Vi gler oss til ny tursti og enda lettare tilgang til Sognesjøhytta!
 

 

Ny asfalt 

I veke 40 blei vegen opp til treningssenteret asfaltert! Det vart smil og godt jobba av heile gruppa.

 Arbeidet vart ferdig etter kun 2 dagar. Om du tek turen til treningssenteret eller sendebrettbana kan du kjenne etter om asfalten fortsett er varm! Og kanskje ein fin veg kan være med å gjere dørstokkmila ut på tur litt kortare…? Delar av Engevikvegen og Vaulenvegen er også blitt asfaltert. 

Vi gler oss over nytt vegdekke og lettare framkomst!