Om du vert sjuk

Om du vert sjuk og ikkje kan møte på jobb, skal du ta kontakt med næraste leiar og melde frå om fråværet så snart som mogleg. 

Korttidsfråvær og eigenmelding

Er fråværet ditt innafor reglane for eigenmelding skal denne fyllast ut og sendast 1. dagen du er attende i jobb.
Logg deg inn i Visma og fyll ut under Personalskjema

Du må ha vore tilsett i 2 månader for å kunne bruke eigenmelding

Du kan ikkje bruke eigenmelding:

  • dersom du samstundes har ei gradert sjukmelding
  • i forlenging av ei sjukmelding
  • når du har brukt 24 eigenmeldingsdagar i løpet av dei siste 12 månadane
  • når du har brukt 8 dagar med eigenmelding innafor dei siste 16 dagane 

Har du vore sjuk i 16 dagar samanhengande må det gå 16 nye kalenderdagar før du kan bruke eigenmelding att.

Sjukmeldt av lege - digital sjukmelding

Viktig: Arbeider på fleire avdelingar/har fleire stillingar i kommunen må du passe på å få ei sjukmelding for kvar av stillingane du vert sjukmeldt i. 

  • Digital sjukmelding kan du sende via smarttelefon, nettbrett eller PC.
    Du brukar BankID, Buypass eller Commfides for å logge deg inn. Meir om digital sjukmelding finn du på nav.no
  • Du får melding på e-post og/eller SMS frå NAV når du har fått digital sjukmelding
    Gå inn på nav.no og logg deg på Ditt NAV. Følg rettleiinga, sjekk at sjukmeldinga er OK og send den vidare til arbeidsgjevar.
  • Når sjukmeldinga går mot slutten vil du få varsel på e-post og/eller SMS frå NAV om at du må sende inn krav om sjukepengar
    Gå inn på nav.no og logg deg på Ditt NAV. Følg rettleiinga og send inn krav om sjukepengar (tidlegare del D av sjukmeldinga)

Her finn du lenke til nav.no

Levere sjukmelding på papir

Om du ikkje har eller kan skaffe deg nokon av innloggingstenestene kan du ikkje nytte digital sjukmelding.

Då må du levere sjukmeldinga di på papir. Det same gjeld om den som sjukmelder deg ikkje kan bruke digital sjukmelding