Foreldrepermisjon ved fødsel og adopsjon

Solund kommune forskotterer løn ved foreldrepermisjon til alle med ein fast stilling i kommunen og søkjer refusjon frå NAV. Det er difor viktig at du som tilsett sender søknad til NAV.

Solund kommune betalar ut foreldrepengar i heile perioden du har rett til slik stønad etter folketrygdlova. Retten til slik løn stoppar når/dersom arbeidsforholdet vert avslutta.

Mor sin permisjon startar vanlegvis opp 3 veker før fødsel. Viss mor ikkje tek permisjon dei siste tre  vekene før fødsel vil stønadsperioden verte forkorta tilsvarande

Det du må gjere er fylgjande:

  • Sende søknad til NAV om foreldrepengar, finn skjema for søknad om foreldrepengar her.  Solund kommune sender inntekstsopplysningar til NAV (tidlegast 4 veker før foreldrepengeperioden startar)
  • Seinast 2 månader før termin eller dato for adopsjon sender du melding til Solund kommune om avvikling av foreldrepermisjon. Du finn elektronisk skjema her
  • Gje Solund kommune kommune melding om faktisk nedkomstdato/adopsjonsdato, dette er ein føresetnad for korrekt berekning av permisjonstida

 

Les meir om foreldrepengar her: https://familie.nav.no/om-foreldrepenger