Ferieavvikling, feriepengar og ferietrekk

Ordninga med feriepengar, opptening av feriepengar og ferietrekk kan opplevast komplisert og forvirrande.

Vi vil her prøve å gjere dette litt meir forståeleg.

Feriepengar og ferietrekk

  • Du får ikkje løn når du har ferie, feriepengane erstattar løna
  • Feriepengane vert utbetalt i juni for alle. Feriepengane utgjer 12% (14,3% for dei over 60) av oppteningsgrunnlaget året før (løn).
  • Alle som har ein fast stillingsprosent vert i løn for alle 5 vekene ein har rett på, det vil seie at ferietrekket i juni vert høgare enn månadsløna 
  • Du tener opp feriepengar, ikkje feriedagar. Alle har rett på 5 veker ferie etter hovudtariffavtalen
  • Det vert ikkje trekt skatt av feriepengane, men dei er likevel ikkje skattefrie. Skatten for feriepengane vert trekt dei 11 månadene du mottar vanleg løn.
  • Du kan motsette deg å avvikle all ferie dersom du ikkje har tent opp nok feriepengar til å dekke inn lønnsbortfallet under ferien - sjå nedanfor
  • Ferie og feriepengar er regulert i ferielova

Arbeidstakar utan full opptening av feriepengar

  • Både opptenings- og ferieår føl kalenderåret.
  • Oppteningsåret (opptening av feriepengar) er året før ferien avviklast 
  • Arbeidstakarar kan motsette seg å ta ut ferie dersom feriepengane ikkje dekker lønsbortfallet under ferien.
    • Årsakar kan vere permisjon utan løn, at ein kjem rett frå skule eller liknande.
    • Arbeidstakar som kjem frå annan arbeidsgjevar vil ha fått feriepengar frå førre arbeidsgjevar og vil difor ha fått betalt for å avvikle ferie.
  • Dårleg økonomi er ikkje tilstrekkeleg årsak til at arbeidstakar kan motsette seg ferieavvikling.
  • Løns- og personalrådgjevar tek kontakt med leiar for dei som kan vere utan full opptening.

Ferieavvikling og sjukdom

  • Du må vere 100% arbeidsufør og ha sjukemelding frå lege for å ha rett på å få erstatta ferien 
  • Er du sjuk før ferien startar må legeerklæring og krav om utsett ferie meldast leiar seinast siste arbeidsdag før ferien startar
  • Blir du sjuk i ferien må legeerklæring og krav om utsett ferie meldast leiar fyrste arbeidsdag etter ferien
  • Hugs rett utfylling i høve ferie ved søknad om sjukepengar

Overføring av ferie

  • Hovudføremålet med ferielova er å sikre dei tilsette tilstrekkeleg kvile og rekreasjon 
  • Solund kommune ynskjer at ein er restriktiv i høve overføring av ferie frå eit år til neste
  • Det er mogleg å avtale overføring av to veker ferie, pluss dei tariffesta dagane
  • Dette skal berre gjerast der det ikkje er mogleg å få tatt ut ferien. 

Ferie for undervisningapersonalet

  • Ferietida for undervisningspersonalet er fem veker samanhengande, med avslutning siste
    virkedag i juli månad
  • Undervisningspersonalet kan i nokon tilfelle ha rett til full løn i staden for feriepengar. Viser
    her til HTV kap 1 § 7 pkt 7.3
    • Full løn i ferien fyrste yrkesår
    • Full løn i ferien etter studiepermisjon