Utbetring på Rysjedalsvika ferjekai

Solund kommune har motteke melding om utbetring av betongdekket på Rysjedalsvika ferjekai. Dette kan medføre problem for større køyretøy.

Meldinga frå Vestland fylkeskommune er som fylgjer:

På grunn av skadar på Rysjedalsvika ferjekai er vi nøydd til å iverksetja tiltak på betongdelen der køyretøya køyrer på/av ferja. Det mest aktuelle tiltaket vi har sett på fram til no vil gå ut på å fjerne delar av dekket, for så å reetablere det. For å tilfredsstille krav vert det nye dekket ca. 10 cm høgare enn eksisterande dekke, noko som vert løyst med ein rampe med fall på 1:25. Forhøyninga vil væra lite merkbart for trafikantar.

Dette arbeidet vil på grunn av omfanget kunne påverke framkomelegheita for dei største køyretøya under anleggsperioden, då dei vil ha mindre køyrbart areal ved av- og påkøyring. Bilete under syner omtrentleg område for tiltak.

 

Etter å ha gått igjennom sporingsfigurar for forskjellige køyretøy ser vi at det vil væra utfordrande å finna ei løysing som gjer at køyretøy større enn 12 meter vil koma seg forbi avsperringa. Dette vil hovudsakleg gjelda vogntog og boogiebussar. Forslaget vårt er derfor at desse køyrer om Rutledal ferjekai og Lavik-Oppedal i anleggsperioden. Arbeidet vil sannsynlegvis føregå i overkant av ein månad.

Vi ønskjer derfor ein tilbakemelding på eventuelle aktørar i kommunen eller området rundt som dykk tenkjer vil kunne verte påverka av eit slikt tiltak. Slik vi ser det vil det ikkje verta noko problem for beredskap, muligens med unntak av større utrykkingskøyretøy som eksempelvis brannbil. Naudetatar vil derfor verte orientert rundt arbeidet. Vi held dialog med Skyss angåande hurtigbåten som går til kai her, men sannsynlegvis vil ikkje dette påverke drifta.

Har dykk andre kommentarar eller spørsmål til dette send dei gjerne over til meg.



Marius Seim Brekke
byggjeleiar ferjekaivedlikehald


vedlikehald, drift og beredskap
infrastruktur og veg




tlf.: 47 90 33 75

www.vestlandfylke.no

Arbeidsområdet på Rysjedalsvika ferjekai