Til alle som vil nytte uteområdet i barnehagen

Solund barnehage har fått eit nytt og kjempeflott uteområde.

Når du/de er her er det nokre ting vi ynskjer at du/de skal tenkje på

  • Husk at området og leikeapparat er tiltenkt bruk av barn i barnehagealder
  • Lån gjerne leikar i kassane våre, men legg det tilbake etter bruk
  • Forlat området slik du finn det
  • Sand i sandkassen og fallsingel under apparata kan godt få ligge i fred og ikkje bli kasta rundt om
  • Bærbusker og frukttrær er ein del av det pedagogiske opplegget – fint om barnehagebarna kan få plukke bær og frukt sjølve
  • Bruk leikeapparat slik det er tiltenkt
  • Ikkje øydelegg eller driv hærverk!
     

Kos dåke på den flotte uteplassen vår!

Helsing små og store i Solund barnehage