Tenesta Digihelsestasjon

No kan du kontakte helsestasjonstenesta på helsenorge.no

Tenesta Digihelsestasjon er no tilgjengeleg i Solund kommune. Det betyr at innbyggjarane kan kommunisere med helsestasjonen, skulehelsetenesta og svangerskapsomsorga via helsenorge.no 

Slik fungerer Digihelsestasjon

Gjennom HelseNorge kan brukarane av tenesta, på ein sikker og trygg måte:

  • motta og sende meldingar til jordmor,  helsestasjon og skulehelsetenesta  
  • få oversikt over avtalar og avbestille avtalar
  • få tilgang til relevant informasjon

Bruk Helsenorge på vegne av borna dine

For å bruke Helsenorge på vegne av borna dine logger du først inn som deg sjølv. Deretter vel du kven du vil sjå opplysningane til eller utføre tenester på vegne av.

På helsenorge.no kan du representere born du har foreldreansvar for, og sjå deira helseopplysningar, med nokre begrensningar:

  • Dersom ein eller fleire av foreldra er folkeregistrert på same adresse som barnet, vil begge foreldre kunne representere barnet.
  • Dersom ingen av foreldrene er folkeregistrert på same adresse som barnet, vil ingen av dei kunne representere barnet.

Du kan bruke Helsenorge på vegne av born under 12 år. Når barnet fyller 12 år vil innsynsretten for foreldre automatisk reduserast. Etter fylte 12 år kan du difor ikkje lenger sende melding på vegne av barnet. Du kan fortsatt sjå alle timeavtaler, med mindre avtalen er unntatt foreldreinnsyn.

Sjå Helsedirektoratets video «Kontakt din helsestasjon på nett»

Ungdommar over 16 år

For unge over 16 år har ikkje føresette lenger tilgang til tenester på vegne av barnet. Dei som har BankID eller tilsvarande kan sjølv logge inn og bruke tenestene.

Sjå filmen «Digihelsestasjon - Film til ungdommen» på YouTube

Korleis komme i gang

Du bruker Digihelsestasjon ved å logge deg inn på helsenorge.no enten via nettleser eller appen, som du laster ned via App Store eller Google Play.

Du finn meir informasjon om DigiHelsestasjon på Helsenorge.no