Stenging av Rørdalsfjord bru

Vestland fylkeskommune planlegger tiltak på Rørdalsfjord bru i perioden veke 36 - veke 38. Tiltaket medførar at brua vert stengt i perioden.

Noko av arbeidet er væravhengig og tidsperiode kan bli justert etter forholda. Me håper at arbeidet blir utført så fort mulig og at brua kan åpnes innan perioden som er framlagt.

 

Vestland fylkeskommune har tett dialog med Skyss og Solund kommune for å kunne få til eit opplegg for tilkomst til Trovåg/Nåra/Haldorneset/Hardbakke. Det kjem meir informasjon om dette når detaljane er avklart.

 

Vestland fylkeskommune beklager ulempene dette medfører til dei aktuelle som nyttar dette vegnettet.