Frå Høgre: Stian Herøy (ordførar Fedje), Jon Askeland ( fylkesordførar), Emil Raaen (statsekretær kommunal- og distrikssdepartementet) og Gunn Åmdal Mongstyad (ordførar Solund)
Anne Kristine Dyrdal
Som einaste Bygdevekstavtale i Vestland fylke vil Fedje og Solund ha fokus på utvikling innan kjende «vestlandsutfordringar» knytt til samferdsel, infrastruktur og levande og berekraftige lokalsamfunn langs kysten. Med på laget har avtalekommunane fagdepartement, regionale aktørar som Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune, Husbanken region Vest og Distriktssenteret som skal bidra til å utvikle gode lokale løysingar saman innbyggjarar, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar.
I sine velkomsttalar påpeika båe ordførarane at øysamfunna har mykje å by på, og at dei forvaltar store og særeigne ressursar innan natur, kultur og samfunnsliv. Vegen vidare vil ha eit samtidig fokus på å ta i vare desse kvalitetane, samstundes som naudsynt forbetring innan samferdsel, bustadbygging og arbeidsmarknad vert satt på agendaen.
Statssekretær Emil Raaen trakk fram at kommunane i sitt avtalearbeid har identifisert sentrale og nødvendige innsatsområde med stor overføringsverdi til andre kommunar. Representantar frå Ungdomsråda i kommunane var særleg inviterte til avtalesigneringa. Dei fortalde tydelege historier om oppvekst, identitet og handlingsrom for å høyre til, utvikle seg og ta utdanning. Samstundes formidla dei eit sterkt ynskje om å bidra til at komande generasjonar kan oppleve at det same, men i større tal, og med betre transportløysingar og forbetra tilbod på bustadmarknaden.
Fylkesordførar Jon Askeland trakk fram at Bygdevekstavtalen bygger på verdiar og ambisjonar som fylkeskommunen som regional utviklingsaktør prioritetar. Vidaregåande skuletilbod, som nyleg aktualisert gjennom kampen for tilbod ved Austrheim Vidaregåande skule, og samferdsel er viktige oppgåver for fylkeskommunen. Fylkesordføraren lanserte eit felles kriterium for suksess i Bygdevekstsamarbeidet; at når ungdomsrepresentantane får seg kjærastar og vil etablere seg i kommunane, så skal vi saman ha jobba hardt for å utvikle lokalsamfunna slik at kjærastane VIL busette seg her.
Vi har 4 år gjere dette på i Bygdevekst regi, og vi ser fram til arbeidet og samarbeidet.
Avtalekommunane vil også nytte høve til å takke det gode vertskapet på FAB 8 for å ha lage ei flott og triveleg ramme for dagen.
Du kan lese pressemeldinga frå Regjeringa her lenke