I møte med politiet er vi gjort kjende med at det førekjem narkotika både i Solund og i nærområdet elles. Vi veit ikkje kor omfattande narkotikabruken er. I dag er det korte kommunikasjonslinjer mellom Solund og nabokommunane våre.
Mange har vennskap på tvers av kommunegrensene, noko som er ein god ting. Det vi ikkje ønskjer er at ungdomane våre skal trekkast mot miljø der det vert nytta ulovlege rusmiddel.
Målet med denne informasjonen er ikkje å peike ut enkeltpersonar eller skape uro, men å bidra til kunnskap, samarbeid og førebygging.
Ungdom treng trygge vaksne rundt seg, og saman kan vi vere med på å oppdage tidlege teikn og gi støtte der det trengst. Difor ber vi alle i Solund om å vere litt ekstra observante. Anten du er forelder, besteforelder, slektning, nabo eller leiar ein fritidsaktivitet: Følg med på korleis ungdomane har det. Oppsøk dei gjerne på fritida, og ver tett på aktivitetar og treffpunkt.
Det er viktig for alle ungdomar at dei opplever at vaksne bryr seg om dei, er glade i dei og vil dei vel. Er du bekymra for nokon, finst det fleire du kan snakke med, til dømes:
Helsestasjon/skulehelsetenesta/helsestasjon for ungdom: 57 78 62 82
Psykisk helse og rus: 45 97 40 03
Kommunepsykolog: 57 78 62 73
Hardbakke
Jens-Eivind Kobbeltvedt
Kommunedirektør