Møte i kommunestyret 5. februar 2026
Overordna handlingsplan for Bygdevekst 2026
Kommunestyret vedtok den overordna handlingsplanen for Bygdevekst 2026. Denne planen peiker ut kva for tiltak kommunen skal arbeide vidare med det komande året.
Bygdevekstavtalen er ei avtale mellom Fedje kommune, Solund kommune, Vestland fylkeskommune og Kommunal- og distriksdepartementet (KDD). Gjennom Bygdevekstavtalen har Solund kommune forplikta seg til å:
- Etablere og videreutvikle indre hamn i Hardbakke som eit sentrum med tettstadsfunksjonalitet
- Auke kommunen sin attraktivitet som ein stad å bu
- Styrke næringsutvikling og jobbmarknad
- Tydeleggjere og styrke kommunen si rolle som tilretteleggjar for samfunnsutvikling i ei ny tid
No som den overordna handlingsplanen er vedteken, blir den sendt vidare til KDD for endeleg godkjenning. Planen som no er vedteken er ein overordna plan, og det skal arbeidast vidare med ein lokal plan for kvar av kommunane. Dette blir også tema i neste kommunestyremøte i mars.
Nytt Ungdomsråd for 2026-2027
Kommunestyret vedtok eit nytt Ungdomsråd for perioden 2026-2027. Rådet blir eit viktig organ for å løfte fram ungdom sine perspektiv i kommunale saker og utviklingsarbeid.
Avtale om framtidig drift av Nav Solund
Det blei òg vedteke å inngå ei partnarskaps- og driftsavtale med Nav Vestland om vidareføring av den lokale Nav-tenesta. Ei slik lokal organisering gjer det mogleg å tilby fysisk oppfølging og god tilgjenge for Nav-brukarar, og sikrar at kommunen framleis kan gje tenester av høg kvalitet til innbyggjarane. Avtalen skal reviderast årleg.
Reguleringsplan for ny bru over Rørdalsfjorden
Kommunestyret vedtok òg reguleringsplanen for ny bru over Rørdalsfjorden, noko som betyr at kommunen no kan gå vidare med anbodsrunde og dei vidare stega i prosjektet. Ordførar Gunn Åmdal Mongstad presenterer fleire detaljer om arbeidet med den nye brua i videoen nedanfor.
Mot slutten av møtet fekk kommunestyret besøk av Framtidshavet ved Kenneth Bruvik, som heldt eit engasjerande og inspirerande innlegg om kor viktig det er å ta vare på fjorden vår. Årets Rydd Sognefjorden-aksjon blir arrangert torsdag 10. september.
Innlegg frå Framtidshavet ved Kenneth Bruvik