Midlertidig skule på plass

Onsdag 18. oktober, blei siste modul på den midlertidige skulen heist på plass.

Nysgjerrige elevar har fått lov å følga prosessen på avstand, og er nok spent på korleis den nye skulekvardagen vil bli framover!

Monteringsarbeidet har gått raskt og effektivt. No gjenstår å koble på avlaup, vatn, straum og fiber, samt ein del monteringsarbeid innvendig.  Dette er fabrikknye modular, som er bygde etter nyaste byggteknisk forskrift - TEK17. 

Modulskulen vart ferdig - Klikk for stort bilete

Det vil gje elevar og tilsette gode arbeidsforhold! Og da som kan bli ivaretatt av pultar, stolar, tavler og lignande vart med frå den gamle skulen til den midlertidige. 

Planen er at Solund kommune overtek bygget 1. november. Oppstart undervisning i den midlertidige skulen er planlagt frå byrjinga av november.

Her skal elevar og lærarar vere fram til den nye skulen er på plass, august 2025!

 

Arbeidet av modulskulen og den nye skulen med tilhøyrande bibliotek vart gjort av Åsen & Øvrelid. Vedtaket om ny skule kom etter samrøyst vedtak frå kommunestyre, 7. september 2023.