Melding om flytta NAV kontor

NAV Solund informerer om flytta kontor

 Nav Solund har flytta inn i kommunehuset. Me vil i ein periode ikkje kunne tilby drop-in. 

Me vil framleis tilby møter etter avtale. Desse vil me ha i Solund kommune sitt møterom i havna (over gamle biblioteket).

De kan avtale møter med oss ved å ringe 5555 3333, eller direkte på vår kontakttelefon på 477 01 133. Kontakttelefonen er open i kvardagar i tidsrommet 11-13.30.

Endringane skjer i samband med bygging av nytt kommunehus. Beklager ulempene dette vil medføre.

Beste helsing Lindy og Silje, Nav Solund