Melding frå NGIR om greiner som skraper bil

Solund kommune har fått melding frå NGIR om at greiner treff bilen deira ved henting av boss på følgjande vegar :

  • Taklegarden
  • Brattlia
  • Hopsvegen
  • Vaulevegen
  • Kråkåsvegen
  • Eide
  • Hersvik

 

Her står ein i fare for at bosset ikkje vert henta dersom enkelte busker og trer ikkje vert fjerna. Bed om at dei som har eigedom langs kommunal veg gjer ein innsats så alle kjem trygt fram utan fare for liv og helse eller materielle skader.

 

For meire info les: Reglar for klipping av hekk, busker og tre langs trafikkert veg - Solund kommune