Medlemsskap i Solund treningssenter frå 2024

Frå januar 2024 ynskjer vi å innføre faste medlemsskapsperiodar i Solund treningssenteret. 

Vi vil difor sende faktura til alle medlemmer 2 gonger i året

Vi opplever at det kan vere forvirrande med så mange ulike datoar å forhalde seg til. Vi får stadig spørsmål frå medlemmer om å sjekke når medlemsskapen går ut.

Frå 1. januar 2024 vert difor fylgjande innført:

  • Alle med aktivt langtidsmedlemsskap pr 31.12.2023 får tilsendt faktura for 1. halvår 2024 i slutten av november
  • Dei som har betalt lengre enn til 31.12.2023 får redusert beløp på fakturaen
  • Nøkkelkortet må aktiverast på kommunehuset som tidlegare
  • Fakturaen må vere betalt før nøkkelkortet vert aktivert for ny periode
  • Faktura for 2. halvår 2024 vert så sendt ut i slutten av mai 2024

 

Faktura vert sendt ut så tidleg at dei som ynskjer å avslutte medlemsskapen kan gjere dette innan oppseiingsfristen som er 1 månad. Fakturaen vert då kreditert.

Vi håper dette kan vere ei god løysing og ynskjer alle eit godt nytt treningsår!