Medlemsskap i Solund treningssenter 2. halvår 2025

Faktura for medlemsskap for 2. halvår 2025 vert sendt ut til alle med langtidsmedlemsskap i desse dagar. 

Som tidlegare gjeld fylgjande:

  • Nøkkelkortet må aktiverast for ny periode på kommunehuset 
  • Fakturaen må vere betalt før nøkkelkortet vert aktivert

 

Faktura vert sendt ut så tidleg at dei som ynskjer å avslutte medlemsskapen kan gjere dette innan oppseiingsfristen som er 1 månad. Fakturaen vert då kreditert.

Dersom du allereie no veit at du ikkje vil fornye, er det fint om du sender ein e-post til post@solund.kommune.no og melder frå om dette.

Prisauke frå 01.07.2025

  • Langtid vaksen - kr 1.350 pr halvår
  • Langtid student og ungdom over 16 år - kr 415 pr halvår
  • Korttid vaksen - kr 315 pr månad
  • Korttid student og ungdom over 16 år - kr 95 pr månad

 

Har du nøkkelbrikke du ikkje brukar?

Då vil vi gjerne ha den i retur. Lever eller send den til Solund kommune saman med eit kontonummer for refusjon av depositum. Eit lite tips: du kan legge ein konvolutt med brikka, kontonummer og namnet ditt i den svarte postkassen ved biblioteket dersom opningstida vår ikkje passar inn i din kvardag