Manntal til ettersyn

Manntalet viser dei som har stemmerett ved Stortings- eller sametingsvalet i Solund kommune, og er no lagt ut til offentleg ettersyn i respsjonen på kommunehuset.

Stortingsvalet

Alle personar med røysterett vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen ein er folkeregistrert 30. juni 2025. Dersom du har flytta til ein annan kommune etter denne datoen er du framleis registrert i manntalet i den kommunen du flytta frå. På valdagen kan du berre røyste i den kommunen du er manntalsført. Men du kan førehandsrøyste i kva kommune du vil fram til 5. september.

Om du ikkje står i manntalet, må du melde frå til valstyret i kommunen din og krevje feilen retta. Kravet om retting av manntaleg (klage) må fremjast skriftleg til valstyret i kommunen. Enten per epost til post@solund.kommune.no eller som vanleg brev til:

Solund kommune
Hardbakke 26
6924 Hardbakke.

 

Les meir om stemmerett og manntal på valg.no.

 

Sametingsvalet

For å kunne røyste ved sametingsvalet må du vere innført i Sametinget sitt valmanntal.

Manntalet til Sametinget ligg òg til offentleg ettersyn i resepsjonen på kommunehuset.

 

Dersom du meiner at du sjølv eller andre uriktig er blitt innført i eller utelate frå manntalet til Sametinget i kommunen, kan krevje at Sametinget retter opp feilen.

Krav om retting skal vere skriftleg og må vere grunngjeven, og sendast:

Sametinget
Postboks 3
9730 Karasjokk 

 

Les mer om mantallet til Sametinget på sametinget.no