Lyden som reddar liv - sjekk røykvarslaren 1. desember

I Solund kommune har det dei siste fem åra vore 2 boligbrannar. 

Test røykvarslarane og bytt batteri ved behov på Røykvarslerdagen 1. desember. 

– Alle bør huke av 1. desember i kalenderen. Då er det Røykvarslardagen, og på tide å teste røykvarslarane og byte batteri ved behov. Dette er ei viktig påminning om å ta branntryggleiken på alvor når vi no går inn den i tida på året kor det vanlegvis brenn mest, seier Utrykkingsleder Jørn Otto Olsen.

Slik sjekkar du på 1-2-3

  1. Sjekk kvar enkelt varslar med testknappen. Dersom den ikkje fungerer må du bytte batteri, eller kjøpe ein ny røykvarslar.
  2. Sjekk om røykvarslarlyden høyres tydeleg på oppholdsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka
  3. Sjekk at du har minst ein røykvarslar i kvar etasje. Har du fleire røykvarslarar bør dei vere seriekopla.

 

– Du bør bruke seriekopla røykvarslarar, slik at alle varslarane pip samtidig ved brann. Dette er spesielt viktig dersom bustaden din har fleire etasjer. Dette kan gi deg og din familie verdifull tid til å komme deg i tryggheit seier Olsen.

Røykvarslarar bør testast ein gong pr. månad og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuge den jevnlig. Det bidrar til betre haldbarheit. Test alltid røykvarslaren når du kjem til hytta, batteriet kan ha gått tomt mens du var borte og du vil derfor ikkje få varsel om at det bør byttast. 

Ta ansvar for dine næraste

Brannstatistikken viser at det er nokon delar av befolkninga er meir utsette og sårbare om ein brann inntreff.  Det er mellom anna eldre og personar med nedsett funksjonsevne. 

-Mange av desse vil ha vanskar med å sjekke røykvarslaren(e) sjølv, og vi oppfordrar difor alle som har moglegheit til å hjelpe dei ein kjenner som kan tenkjast å slite med dette, sier Jørn Otto.

Røykvarslardagen er ein landsomfattande kampanje som går fast av stabelen 1. desember kvart år. Det er Brannvernforeningen, DSB, og Gjensidige forsikring som står bak kampanjen sentralt. Lokalt er det brannvesenet og DLE (Det lokale El-tilsyn) som bidrar til å sette fokus på dette viktige budskapet.

www.roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken i heimen.

Her finn de lokal statistikk 


Kontaktperson:
Jørn Otto Olsen, brannkonstabel i Solund brann og redning, telefon 900 98 217