Kronprins Haakon besøker Solund

Torsdag 28. september, fekk Solund besøk av HKH kronprins Haakon. Dette er første gongen Kronprinsen vitjar Solund i offisielt ærend.

Kronprinsen steig i land på Hardbakke kai kl. 10:00 og vart teken i mot av ordførar Gunn Åmdal Mongstad, statsforvalter Liv Signe Navarsete og visepolitimeister Arne Johannessen. Solund skulemusikk spelte, og publikum tok i mot kronprinsen med vaiande flagg.

"Vi opplever at det er mange som frå tid til anna til vil telje oss. Folketal og statistikk blir brukt til å male eit bilete av ein liten kommune. Og tal kan vere nyttige. Men det er vi sjølve som skal lage forteljinga. Den blir vi aldri ferdige med, og nye kapittel skal skrivast kvar dag. Denne dagen vil også ha ein plass der, dagen då folk i Solund vart sett og møtt av kongehuset"

Slik avslutta ordførar Gunn Åmdal Mongstad sin tale til HKH kronprins Haakon, statsforvaltar Liv Signe Navarsete, visepolitimeister Arne Johannessen og befolkninga i Solund.

 

Det er ingen tvil om at sulingane har eit enormt engasjementet og stor frivillighetsånd, noko som óg Kronprinsen trekte fram i talen sin.

  • Det å bu på ei øy krev at ein tenkjer litt ekstra på naboen, kanskje. De stiller opp for kvarandre, finn løysingar på ting, ordnar opp på eiga hand og løftar saman. Eit bevis på den store innsatsen de sulingar legg ned, det er frivilligheita.

 

HKH nemnte blant anna kunstlaget, lysfestivalen, Solunddagen, skulemusikken og skyttarlaget som nokre av dei frivillige organisasjonane som er med å støtte, samle og skape glede her i Solund.  

Vidare var det både gåveoverrekking og framføring av Solundvise frå ordførar Mongstad, til stor glede for både besøkande og publikum.

Kronprinsen fekk omvising på ambulansebåten MS Rosesol. Her fekk HKH høyre frå mannskapet om kor viktig ambulansebåten er for heile kystsamfunnet og korleis ein arbeidskvardag er for dei.

 Både liten og stor fikk sjansen til å helsa på kronprinsen då han gjekk rundt i Hardbakke hamn.

I hamna kunne ein også sjå ulike fartøy som synte kor viktig kystkulturen er for Solund. 

Vidare gjekk turen til Fjordane Friluftsråd kor kronprinsen fekk ei innføring i arbeidet deira og kor viktig dette er for kysten. Fjordane Friluftsråd har hovudkontoret her i Solund, og vart blant anna med på eit ryddeoppdrag som foregjekk på Svalbard 15. august - 12. september 2023.

Siste stopp i hamna var ein tur innom Taklebua der Fjordkysten regional-og geopark har eit av sine episenter i regionen. 

Deretter spaserte kronprinsen, ordføraren, statsforvalteren og visepolitimeisteren opp på Gjenbruket til den vekentlege torsdagslunsjen. Dei trossa vind og regn og kom seg (nesten) tørrskodde fram.

Her vart det servert ulike salatar, brød, kaffi og annan mat som er inspirert frå dei ulike landa Solund har innbyggjarar ifrå. Dette såg ut til å slå an hos gjestane! Blant dei inviterte var det m a  brukarar av Gjenbruket og representantar for ulike organisasjonar og frivilleg arbeid. 

 

Solund var siste stogg i kronprinsen sitt Vestlandsbesøk som har gått over tre dagar.

  • Solund er ei perfekt avslutning på årets fylkestur. Eg er takknemleg for alt det eg har sett og høyrt, folk eg har møtt, alle dei nye minna eg tek med meg – frå både Aurland, Lærdal, Sogndal, Høyanger – og no frå Solund. Det har rett og slett vore ei fantastisk reise.

Tusen takk for tre flotte dagar i Vestland.

Du kan lese heile talen på slottet si heimeside

 Vi takkar HKH kronprins Haakon for besøket!

Fotografar: Anne Kristine Dyrdal og Kristine Josefin Holm