Influensa- og koronavaksinering sesongen 2025 - 2026

Solund legekontor startar sesongvaksinering frå veke 42.

Tider for vaksinering

Du kan møte opp på Solund legekontor utan timebestilling fylgjande dagar:

Seson vaksinering 2025 - 2026
DatoKlokkeslettKlokkeslett
Onsdag 15.1009.00 - 12.0013.30 - 15.00
Onsdag 22.1009.00 - 12.0013.30 - 15.00
Onsdag 29.1009.00 - 12.0013.30 - 15.00

 

Dersom desse dagane ikkje høver for deg kan du ta kontakt med legekontoret via Pasientsky eller ringe oss på telefon 57 78 62 80 for å avtale tid.

Dersom du har legetime kan du få vaksine samstundes som du har time.

For deg som er i arbeid og ikkje har høve til vaksinering i arbeidstida vert det mogeleg å komme onsdag 22.10 frå kl. 15.30 - 17.15

Kven bør ta vaksine?

Influensavaksine

  • Alle over 65 år skal få tilbod om influensavaksine
  • Alle barn og voksne i risikogruppene skal få tilbod om influensavaksine

Koronavaksine

  • Alle over 75 år skal få tilbod om koronavaksine
  • Alle barn og voksne i risikogruppene skal få tilbod om koronavaksine
  • Personer i aldersgruppa 65-74 år som ikkje tilhøyrer ei risikogruppe kan få vaksine gjennom voksenvaksinasjonsprogrammet, dersom dei ynskjer det.

Pneumokokkvaksine

  • Alle som fyller 65 år i 2025 skal få tilbod om pneumokokkvaksine til redusert pris

 

Alle desse er ein del av vaksenvaksinasjonsprogrammet, du finn meir informasjon ved å klikke på lenkene med aktuell tekst nedanfor her. Klikk på flagget øverst til høgre på sida for å lese teksten på engelsk

Vaksenvaksinasjonsprogrammet

Influensavaksine

Koronavaksine

Pneumokokkvaksine
 

Nokre personar blir alvorleg sjuke av influensa. Snakk med legen din

Prisar

Pris for vaksinering 2025 - 2026
VaksineFull prisPris ved frikort
Influensa214150
Korona174110
Samvasinering (influensa + korona299235
Pneumokokk (f. 1960)174110
Samvaksinering influensa + pneumokokk (f. 1960)299135

 

Pris for pneumokokkvaksine for vaksne som ikkje er født i 1960 er kr 400,-