Helsefremjande heimebesøk

Alle i kommunen som fyller 75 år får tilbod om helsefremjande heimebesøk (tidlegare førebyggande heimebesøk).

Helsefremjande heimebesøk er eit tilbod til heimebuande eldre som ikkje har andre tenester frå kommunen. Målet er at eldre skal leve eit godt og sjølvstendig liv. Besøket består av ein samtale med fokus på den enkelte sine ressursar. Tema for samtalen er meiningsfylt aktivitet, sosial deltaking, samt tryggleik og sikkerheit i heimen. Det blir spesielt lagt vekt på kva den enkelte sjølv meiner er viktig for å ivareta eiga helse.

Besøket er ein motiverande samtale om kva ynskjer og forventningar du som heimebuande har til din kvardag og til framtida. Samtalen kan handle om helse, fysisk og sosial aktivitet, ernæring, fallforebygging og buforhold. Du får også informasjon om kommunen sine tenester og andre tilbod med fokus på sjølvstendigheit og eiga meistring. Vi formidlar kor du kan ta kontakt viss du treng hjelp frå kommunen seinare i livet.

Ofte forsøker vi å få kontakt utan hell. Difor ber vi om at du, dersom du har fylt 75 år og kunne tenkt deg at vi kjem på heimebesøk, tek kontakt med fysioterapeut Ann Helen Kvamen (tlf. 478 76 038) for avtale.

Du kan lese meir om helsefremjande heimebesøk frå Solund kmmune her