Har du innspel og idear knytt til bustad, nabolag og lokalsamfunn?

Solund kommune og Bygdevekstprosjektet ved Inger Helen Øvrebø ynsker å kome i kontakt med deg som vil bidra med innspel og idear knytt til bustad, nabolag og lokalsamfunn!

Kva er det som gjer Solund kommune til ein god plass å bu i for oss som allereie bur her, kva kan mangle av bustadtypar/-tilbod, og tankar om kva som må til for få nye folk til å flytte hit?

Dette er dykk som:

  • har budd her lenge
  • som nyleg er flytta til Solund
  • har vurdert å endre bustad
  • har born som kanskje vurderer å flytte heim igjen
  • er senior og ynskjer eit meir lettstelt husver
  • unge vaksne som vil flytte heim etter utdanning

 

Dykk er gjengen vi ynskjer å kome i kontakt med for ein «kaffi-kopp prat» for gode idear, ynskjer og erfarte behov.

 

Kan du tenke deg å bidra så ta kontakt med Inger Helen, på telefon: +47 40 39 20 16

Eller send ho eit  svevebrev på: inger.helen.ovrebo@solund.kommune.no