Gebyr for feiing og tilsyn

Det er ikkje lenger faste intervall på feiing og tilsyn og huseigarar vert fakturert årleg for tenesta. 

Tidlegare var det på bustadtilsyn kvart fjerde år, og feiing kvart andre år. Ny forskrift om brannførebygging frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleve at naboen har feiing oftare enn deg. 

I utgangspunktet vert det ikkje utført feiing før tilsyn er gjennomført. Ein viktig del av tilsynet består av å vurdere behovet for feiing. Vert det avdekka behov, vil det verta varsla på nytt ved eit seinare høve.

Du kan lese meir om feiing og tilsyn her