Frivilligprisen Vestland 2025

Kjenner du nokon som fortener Frivilligprisen Vestland 2025?

Då må du nominere kandidaten din innan fristen 15. september 2025

Utan frivilligheita stoppar Noreg. Vi har frivillige som tek vare på kulturarven vår, som arrangerer fotballcupar og musikkfestivalar, som dirigerer korps og som gjer uendeleg mykje anna. Denne prisen er eitt av fleire grep vi gjer for å motivere, synleggjere og verdsetje frivilligheita i Vestland, seier Jacob Nødseth, som leiar hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune.

Les meir om kriterier og korleis du nominerer kandidatar på Vestland fylkeskommune sine nettsider