Frist for innspel til ekspressbåtstopp er 15. august 2026

Gode Sulingar!

Det vert jobba med ei stor og viktig sak i kommunen for tida – val av lokalitet for ekspressbåtstopp i Hardbakkeområdet.

Det vert jobba med ei stor og viktig sak i kommunen for tida – val av lokalitet for ekspressbåtstopp i Hardbakkeområdet.

 

I tråd med kommuneplanen sin samfunnsdel så vert det jobba med å finna eigna lokalitet for ekspressbåtstopp i Hardbakkeområdet. I oktober 2025 fatta kommunestyret vedtak om at det skulle gjerast ei nærare utgreiing av lokalitetane indre hamn, Valen og Steinsund. Det er no gjort av konsulentfirmaet Asplan Viak. Dei har vurdert kvar av lokalitetane basert på 11 ulike kriteriar. Arbeidet ligg føre i rapport som ein finn ved å følgje linken: Vurdering av kailokalitetar. Asplan Viak konkluderer med at Indre Hamn er beste alternativet og har foreslått etablering av flytebrygge framfor tidlegare butikklokaler på «Taklekaien».

 

Det har vore arrangert folkemøte der rapporten vart presentert og folk fekk koma med merknader. Kommunen har motteke fleire innspel i saka om lokalisering. Innspel som har kome til no er å finna i sak 2025/788 (Lenke til postliste). Der finn ein også den politiske saka til kommunestyret 11.juni. Der vart det vedteke å jobba vidare med alternativa Steinsund og indre hamn. Valen vart for dyrt og med for store landskapsinngrep. Ein ynskjer å avklare ytterlegare nokre punkt før ein gjer endeleg vedtak i saka. Vidare vert det opna for att alle som ynskjer kan koma med innspel i lokaliseringsdiskusjonen som no er snevra inn til to alternativ – Indre hamn og Steinsund. Asplan Viak har peika på ei løysing på Indre hamn. Kanskje finns det fleire ? Frist for å koma med innspel er 15.august 2026.

 

Etter at ein har bestemt seg for plasseringa av ekspressbåtstopp så startar reguleringsplanarbeidet. Der ein skal planlegga for tilkomst, parkering, busstopp, plassering av kai, venterom mm.  Vidare skal det leggast ein kabal for kollektivtransporten med mål om eit best mogeleg tilbod til innbyggjarane.

Avslutningsvis så skal det seiast at det vert ingen flytting av ekspressbåtstoppet før Kystverket har gjennomført mudringsarbeid (fjerning av grunner) i sundet i Indre Steinsund og eventuelt ved innløpet til indre hamn. Det vil endå høgst truleg gå minst 3 år før det arbeidet vert utført. 

Innspel sendes til post@solund.kommune.no