Førehandsrøysting rundt om i kommunen

Tysdag 2. september vert det mogleg å røyste på Nautøy kl. 08.25.

Onsdag 3. september vert det mogleg å røyste om bord i båten før avgang kl. 10.30 og på stoppestadane med båtruta i Nord-Solund.

Hugs legitimasjon! 

Til og med fredag 5. september kan du førehandsrøyste på kommunehuset. Kommunehuset er ope kvardagar frå 09.00 til 14.30.

 

I løpet av førehandsrøysteperioden vert det i tillegg høve til å førehandsrøyste på Solunddagen, Solundheimen, båtruta i Nord-Solund og Utvær-ruta. Vi kjem tilbake med nærare informasjon om opningstider for desse røystestadene.

 

Assistanse i vallokale

Om du treng assistanse til å røyste kan valmedarbeidar hjelpe deg. Du kan sjølv også velje ein annan person enn valmedarbeidar til å hjelpe deg. Alle som hjelper til med røysting har teieplikt.

 

Hugs gyldig legitimasjon

Du må ha med legitimasjon når du skal stemme. Møter du opp i vallokalet uten legitimasjon risikerar du å ikkje få stemme. Døme på gyldig legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort, forarkort (også digialt) eller bankkort med bilete.

 

Heimerøysting

Dei som er sjuk eller ufør og av den grunn ikkje kan røyste i eit vallokale kan søke om å førehandsrøyste heime eller der dei oppheld seg.

Fristen for å søke om heimerøysting er torsdag 4. september kl. 12.00. Ta kontakt med sentralbordet til Solund kommune på 57 78 62 00