Korleis kome i gang med Flyt Foresatt
1.Last ned Flyt Foresatt frå App Store eller Google Play på mobil eller nettbrett.
2.Logg inn med ID-porten (dei fleste vel BankID).
3.Sjekk at barnet eller barna kjem fram i appen. Viss ikkje, ta kontakt med skulen.
4.Tillat varsel så du får beskjed når noko nytt skjer.
5.Aktiver biometri (Face ID eller fingeravtrykk) for raskare innlogging på sikt
Kva er Flyt Foresatt?
Flyt Foresatt er ein felles app for føresette med barn i skule, SFO og barnehage. Appen erstattar dei tidligare appane Min Skole og Min Barnehage. I første versjon dekker appen skule og SFO. Barnehagefunksjonar vert lansert til hausten 2026.
Som føresett til elev på skulen kan du mellom anna
Sende og lese meldingar til lærar og kontaktlærar.
Melde fråvær — heil dag, delar av dagen eller enkelttimar.
Sjå varsel og viktige beskjedar frå skulen.
Bytte mellom barna du har på skulen.
Sjå kommunen si personvern- og tilgjengeerklæring.
Merke vedlegg som favoritt for å finne dei raskare seinare.
Som føresett til barn i SFO kan du
Sjå når barnet skal vere på SFO.
Legge inn merknader og beskjedar til SFO-tilsette (for eksempel henteavtalar).
Melde fråvær for SFO-dager.
Lese viktig informasjon frå SFO-personalet.
Søknad om SFO-plass, oppseiing og endring av plasstype må framleis gjerast i føresettportalen på nett — du finner lenke til denne i appen.
Som føresett til barn i barnehagen (frå hausten 2026)
Barnehage er førebels ikkje ein del av Flyt Foresatt. Inntil vidare brukar du dagens Min Barnehage-app. Når Flyt Foresatt får barnehagefunksjonar til hausten 2026, vil du kunne:
Lese meldingar frå avdelinga barnet ditt går på.
Melde fråvær for ein eller fleire heile dagar.
Svare på samtykke (t.d. foto, turar, allergiar).
Sjå viktig informasjon fra avdelinga.
Bytte mellom fleire barn på tvers av barnehage og skule i same app.
Innstillingar og profil
Vel språk: bokmål, nynorsk eller engelsk.
Styr kva for varsel du vil få.
Aktiver biometri for raskare innlogging.
Tilgang via web
Du kan og logge inn i føresettportalen via nettleser. Nokre handlingar må framleis gjerast på web, for eksempel søknad om SFO-plass, oppseiing av plass og endringar i profilen. Lenkje til føresettportalen finn du inne i appen.
Retningslinjer for kommunikasjon via Flyt Foresatt
Innhold og bruksområde
Flyt Foresatt vert brukt til den daglige kommunikasjonen mellom heim og skule/SFO. Meldingsfunksjonen er for praktiske spørsmål om barnet ditt, henteavtalar, korte beskjedar og dialog rundt skulekvardagen.
Kva appen ikkje skal brukast til
Hastesaker — ring skulen eller SFO direkte.
Klager og formelle førespurnader
Sensitive opplysningar om helse, barnevern eller andre saker som krever særleg konfidensialitet — ta direkte kontakt med rektor/styrar.
Kommunikasjon mellom føresette — appen er berre for dialog med skulen/SFO/barnehagen.
Svartider
Dei tilsette les meldingar i arbeidstida på kvardagar. Ikkje forvent svar same dag — meldingar vert svart på så raskt som mogleg. Dersom saka hastar, ring skulen/barnehagen direkte.
Behandling av personopplysninger
Solund kommune er behandlingsansvarlig for personopplysningene i Flyt Foresatt. Visma er databehandler. Du finn fullstendig personvernerklæring inne i appen under Innstillinger > Personvern, eller på Solund kommune si heimeside
Dersom appen ikkje verkar
Prøv dette først:
- Sjekk Tenestestatus inne i appen — den viser om Visma har eit problem akkurat no.
- Lukk og opne appen på nytt.
- Sjekk at telefonen har nett.
- Avinstaller og installer appen på nytt.
Meir informasjon
Lenke til føresettportalen på internett
Lenke til Vismas hjemmeside om Flyt Foresatt