Dette vart feira 28. april, i samband med Fjordkystparken sitt årlege parkmøte.
Dette er ein stor dag både for heile området.
"Korkje regionalparkar eller geoparkar er så kjende parktypar i Noreg, men er svært vanlege i Europa. Desse parkkonsepta skil seg frå nasjonalparkane ved at ein unngår eit osteklokkevern, og heller ser på nytteverdien av at menneske har ei viktig rolle i å ta vare på natur- og kulturverdiane. Fjordkystparken er ei samarbeidsplattform mellom innbyggjarane, næringsverksemdene, frivillige lag og organisasjonar, skulane, musea, universiteta, kommunane og fylkeskommunen." (Fjordkystparken)
Fjordkystparken strekkjer seg gjennom HAFS-kommunane Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll og delar av Sunnfjord, og er Noregs einaste kombinerte regional- og geopark. Elles i Noreg finn ein kun fire UNESCO Global Geoparks.
Gratulerer til alle dei som har jobba med å få dette til!
I denne lenka finn du kart over heile fjordkystparken