Etter at ferja Losna vart sett ut av drift 16.mai, har reserveferja Bjørnsund trafikkert sambandet.
Dette er ikkje den faste reserveferja som går, og ferja held dessverre ikkje same fart som MF Losna.
Dette har ført til forseinkingar på sambandet og nokre avgangar har vore kansellerte.
Solund kommune har hatt dialog med Fjord1, spesielt for å finne gode løysingar for pinsa. Erfaringar tilseier at særleg fredag, søndag og måndag har mange reisande til/frå Solund.
For reisande til/frå Solund er det viktig at tal avgangar særleg på ettermiddag ikkje vert endra, og ved å flytte avgangen frå Krakhella til Rysjedalsvika kl 13.40 til Krakhella – Rutledal 13.40 laurdag, søndag og måndag i pinsa, vil ein kunne avlaste dei andre avgangane sørover samstundes som ein kan spare noko tid. Slik håpar ein også å minimere tal attståande bilar. Likevel må ein pårekne noko forseinking ved avgangane.
Vi vil oppmode alle som planlegg reise til/frå Solund i helga å følgje med på www.fjord1.no eller melde seg på SMSvarsling hjå Fjord1. Her vil det til ei kvar tid ligge oppdatert informasjon.
Solund kommune ynskjer både reisande og mannskapet på ferja ei fin pinsehelg!