Er du nysgjerrig på Solund som bu- og arbeidskommune?

Laurdag 22. august kl. 14-16 inviterer vi deg mellom 18 og 40 år til gratis båttur der du får oppleve Solund frå sjøsida, samtidig som du blir kjend med menneska, moglegheitene og framtidsplanane som gjer kommunen til ein spennande stad å etablere seg. 

Undervegs får du høyre om: 

  • bustad- og etableringsmoglegheiter
  • arbeidsplassar og næringsliv
  • moglegheiter for gründerar og heimekontor
  • skule, barnehage og oppvekst
  • fritidsaktivitetar og frivillig arbeid
  • livet mellom hav, øyar og fjell

 

Det blir servert tapas og drikke om bord, og turen er ei anledning til å bli betre kjend med både Solund og menneska som bur her. Oppmøte er Hardbakke hamn.


Det er eit avgrensa tal plassar, så her gjeld førstemann til mølla. Meld deg på for å sikre deg plass: https://forms.cloud.microsoft/e/yX6fzxUuBR

Velkomen om bord!