Dagsturhytta - nytt opplag av boka

Solund kommune har motteke dei nye bøkene med informasjon om dagsturhyttene i Sogn og Fjordane. Bakerst i boka finn du kart med oversikt over hyttene i Hordaland

Boka er eit flott oppslagsverk med informasjon om hyttene og du kan få den gratis på Gjenbruket, kommunehuset eller biblioteket. 

2025 er friluftslivets år, og boka kan vere ein inspirasjon til turar både i nærmijløet og kanskje til litt meir ukjende turmål i din region.
Bøkene er eit samarbeidsprosjekt mellom Eviny As, Sparebanken 1 Sogn og Fjordane og Vestland Fylkeskommune.