Bålpanne i den hemmelege hagen

Den hemmelege hagen (Hardbakke 20) har no fått si eiga bålpanne til offentleg bruk.

Bålpanne på plass i den hemmelege hagen - Klikk for stort bileteBålpanne på plass i den hemmelege hagen

Vi oppmodar alle som nyttar bålpanna til å ta godt vare på både utstyr og omgjevnader.

Reglar for bruk av bålpanna

  • Slukk alltid elden heilt før du forlet staden. Kontroller at glør er borte.
  • Det vil snart kome på plass ildrake og spade, saman med eit oljefat for oske. Når dette er klart, ber vi om at du tømmer oska i oljefatet etter bruk.
  • Hald området ryddig, og ta med deg alt søppel når du går.
  • Vis omsyn til andre som bruker hagen.